Musikal på timeplanen

Musikal på timeplanen

I kostyme: Ingri Brendsdal, Åshild Fjeldberg (som fru Astrakhan) og Margrethe Hollund. Dei tre jentene fortel gav lokalavisa eit innblikk i arbeidet med å lage årets musikal. Dei fortel om mykje arbeid, men også veldig kjekke dagar på vegen fram mot den ferdige framsyninga. Foto: Andreas Bjerknes.Linjefag og turar er sett til side ei periode på Sunnmre Folkehgskule. Denne og den komande veka handlar alt om nokre smokingkledde fuglar ein vanlegvis ikkje ser så mykje av på våre kantar.Elevane er i full gang med vingane til årets musikal, som denne gongen bygger på filmen Happy Feet.Går veldig braDå lokalavisa var innom folkehgskulen fredag ettermiddag var elevane i ferd med å gå gjennom framsyninga. Det er framleis mykje som står att fr premieren, men Ingri Brendsdal, Åshild Fjeldberg og Margrethe Hollund meiner framgangen dei frste fem dagane har vore god. Det har gått veldig fort og det har veldig bra! seier dei tre. Eg hadde ikkje trudd at vi skulle ha kome så langt allereie, fortel Margrethe Hollund.På knappe to veker ver folkehgskulen inn og set opp musikalen, og i slutten av den komande veka får skuleelevar og barnehagebarn frå Ulstein og Hareid mogelegheita til å sjå resultatet. Og laurdag inviterer Sunnmre Folkehgskule familie og vener til framsyning på Sjborg.For elevane blir desse vekene noko heilt anna enn det dei gjer til vanleg, og det verkar som at musikalarbeidet har falle i smak så langt. Til vanleg går eg på friluftsliv og der går vi mykje på tur, men no får dei som er flinke til å danse eller synge moglegheita til å vise det. Det er ein del overraskande talent som kjem fram, smiler Hollund.Mykje jobbOg no jobbar også alle elevane saman om eit felles prosjekt, ikkje berre saman med sine eigne klasser. Vi blir nok betre kjende på tvers av linjene. Vi er meir samla som skule, seier Åshild Fjeldberg.Fr musikalen blir klar til å visast for publikum er det mange arbeidstimar som blir lagt ned, både på det som skal skje på scena, på kulissar, kostyme, musikk og mykje anna. Det blir mange timar kvar dag ja. Mykje arbeid! Men det har vore utruleg kjekt, seier dei tre jentene. Det er absolutt verdt det og eg trur det blir endå kjekkare når vi skal byrje å ve på scena, seier Ingri Brendsdal.Redaktr og dagleg leiar Linda EikremDet er også hve til å reise klage for brot på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo. Vikebladet Vestposten har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider det vert lenka til.